Sommersamling på Snarteland 14. august 2010
Skrevet av Aslak Snarteland   
søndag 04. juli 2010 13:12

Eg har gleda av å invitere alle medlemmer av laget og andre interesserte til ei samling her på Snarteland laurdag 14. august kl 13.00!

 

 

Ei hektisk byggetid er snart over, og det nye fjoset her er i full drift.  Alt fungerar no bra og dyra synes å trivas godt i sine nye omgivnader.

 

Difor håpar eg flest mogleg har høve til å setje av denne dagen og komme til Fyresdal.

 

Det blir sjølvsagt mogleg å sjå på fjos og dyr, og mykje sosialt samvær. Mat skal det også bli. Er det ynskje  ordnar vi med overnatting her på garden. For dei som vil bli over til sundag, tenker vi å reise til Gunnar på Rauland for å sjå på Fjosbygginga dei driv med også.

 

Håpar å sjå så mange som mogleg, ein fin laurdag i august!

 

Beste helsing

Aslak Snarteland

Sist oppdatert mandag 05. juli 2010 09:45